2 Samuel 8NO2011NN

1Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok Meteg-Amma frå dei.

2David vann over moabittane òg. Han baud dei leggja seg ned på jorda, og så målte han dei med ei snor. Han målte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Moabittane vart Davids slavar og laut betala skatt.

3Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat.

4David tok frå han 1700 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men 100 hestar sparte han.

5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.

6David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte HERREN David kvar helst han fór fram.

7David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.

9Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,

10sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig med To'i. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og bronse.

11Alt dette helga kong David til HERREN saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folkeslaga han hadde lagt under seg,

12frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.

13David vann seg eit stort namn då han kom tilbake frå sigeren over edomittane i Saltdalen. 18 000 mann vart slegne.

14Han sette ut vaktpostar i Edom. I heile Edom sette han ut vaktpostar. Alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte HERREN David kvar helst han fór fram.

15David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt.

16Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.

17Sadok, son til Ahitub, og Ahimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.

18Benaja, son til Jojada, var leiar for kretarane og pletarane, og sønene til David var prestar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.