1Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.
2Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.
3Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss — i sanning og kjærleik.
4Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om.
5Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre.
6Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.
7For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist!
8Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.
9Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen.
10Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen!
11For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.
12Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.
13Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.