1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar han som har fødd oss, elskar òg det som er fødd av han.
2På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod.
3Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.
4For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
5Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?
6Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.
7Så er det tre som vitnar:
8Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.
9Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.
10Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son.
11Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.
12Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
13Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.
14Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.
15Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.
16Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv — så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.
17All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.
18Vi veit at kvar den som er fødd av Gud, ikkje syndar. For han som er fødd av Gud, vernar han, så den vonde ikkje kan koma til.
19Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.
20Og vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand, så vi kjenner Den sanne. Vi er i Den sanne, vi som er i hans Son, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!