1Som hans medarbeidarar legg vi dykk òg på hjartet at de ikkje må ta imot Guds nåde til inga nytte.
2For han seier: I rette tid bønhøyrde eg deg, på frelsedagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsedagen!
3Vi gjev ikkje menneske nokon grunn til å bli støytte bort, så tenesta ikkje skal bli spotta.
4Nei, i alt står vi fram som Guds tenarar: med stort tolmod i motgang, naud og angst,
5under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt.
6Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik,
7med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,
8om vi får ære eller vanære, om folk talar vondt eller vel om oss. Dei seier at vi fører folk vill, men vi talar sant,
9vi er ukjende, men velkjende, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi blir slegne, men ikkje ihelslegne,
10vi sørgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt.
11Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjartet vårt.
12De har det ikkje trongt hos oss; det er i dykkar eige indre det er trongt.
13Men no snakkar eg som til born: Gjer gjengjeld! Opna dykk for oss.
14Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?
15Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru?
16Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu og ferdast midt mellom dei; eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
17Difor seier Herren: Dra bort frå dei og skil dykk frå dei. Rør ikkje noko ureint! Då vil eg ta imot dykk;
18eg vil vera dykkar far, og de skal vera mine søner og døtrer, seier Herren, Den allmektige.