2 Corinthians 2NO2011NN

1Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma og gjera dykk sorgfulle ein gong til.

2Om eg gjev dykk sorg, kven skal då gjera meg glad, om ikkje den eg har gjort sorgfull?

3Og nett difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og bli sorgfull av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede.

4I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk.

5Men om nokon har gjeve grunn til sorg, så er det ikkje meg han har gjort sorgfull, men dykk alle — eller dei fleste av dykk, for ikkje å overdriva.

6Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok.

7No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg.

8Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.

9Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.

10Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,

11så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.

12Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg.

13Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor tok eg farvel med dei og fór til Makedonia.

14Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.

15For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt;

16ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste. Kven er vel i stand til dette?

17Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som vil gjera pengar på Guds ord. Nei, med eit oppriktig sinn, på Guds vegner og for Guds andlet talar vi i Kristus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Corinthians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.