2 Corinthians 1NO2011NN

1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og Timoteus, vår bror, helsar Guds forsamling i Korint og alle dei heilage i heile Akaia:

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, vår Gud som gjev all trøyst.

4Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud trøystar oss med.

5For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, blir vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.

6Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.

7Og vårt håp for dykk er fast. For vi veit at slik de deler lidingane med oss, deler de òg trøysta.

8Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.

9I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde.

10Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.

11Også de må koma oss til hjelp i bøn. Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.

12For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.

13For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og forstå. Og eg håpar at de skal læra å forstå fullt ut

14det som de no delvis har skjøna: at de skal vera stolte av oss, slik vi skal vera stolte av dykk på vår Herre Jesu dag.

15I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede.

16Eg ville koma innom dykk både på reisa til Makedonia og på vegen attende derifrå. Då kunne de hjelpa meg vidare på reisa til Judea.

17Gjekk eg ansvarslaust fram då eg planla dette? Eller legg eg planar slik menneske kan gjera, så eg seier både ja og nei på same tid?

18Så sant som at Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samtidig ja og nei.

19For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.

20For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære.

21Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud.

22Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.

23Eg kallar Gud til vitne; det er sanning i mi sjel: Det er for å spara dykk at eg ikkje hittil har kome til Korint.

24For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Corinthians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.