2 Chronicles 16NO2011NN

1I det trettisjette styringsåret til Asa drog Israels-kongen Basja opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

2Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i HERRENS hus og i kongeborga. Han sende det til Ben-Hadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda:

3«Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

4Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan, Abel-Majim og alle forrådsbyane i Naftali.

5Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han stansa arbeidet.

6Då tok kong Asa med seg heile folket i Juda, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.

7På den tida kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til HERREN din Gud, har hæren til aramearkongen sloppe ut av hendene dine.

8Kusjittane og libyarane hadde òg ein veldig hær med stridsvogner og ryttarar. Men fordi du den gongen leit på HERREN, gav han dei over i dine hender.

9For HERRENS auge fer over heile jorda, så han kan styrkja dei som heilhjarta held seg til han. Denne gongen har du bore deg uvitug åt; frå no av skal du støtt ha krig.»

10Då vart Asa sint på sjåaren og sette han i arrest; så arg var han på han for dette. På den tida fór han òg hardt fram mot andre av folket.

11Det som er å seia om Asa frå først til sist, står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han HERREN, men berre legane.

13Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine. Han døydde i det førtiførste styringsåret sitt.

14Han vart gravlagd i den grava som han hadde late hogga ut for seg i Davidsbyen. Dei la han på ei seng fylt med krydra balsam og ymse salveblandingar. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.