2 Chronicles 15NO2011NN

1Guds ande kom over Asarja, son til Oded.

2Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! HERREN er med dykk om de er med han. Søkjer de han, lèt han seg finna; men forlèt de han, forlèt han dykk.

3I lang tid var Israel utan den sanne Gud, utan prestar til å undervisa dei og utan lov.

4Men i si trengsle vende dei om til HERREN, Israels Gud. Dei søkte han, og han lét seg finna.

5På den tida var det ikkje trygt, korkje for den som drog ut eller for den som kom heim. For det var stor uro mellom folk i alle land.

6Folkeslag vart knust mot folkeslag og by mot by; for Gud uroa dei med allslags trengsler.

7Men ver sterke og lat ikkje hendene siga! De skal få løn for det de gjer.»

8Då Asa høyrde desse orda, den profetien som Oded-profeten hadde bore fram, gjorde han seg sterk og fekk fjerna alle dei motbydelege gudane frå heile Juda og Benjamin og frå dei byane han hadde teke i Efraims fjelland. Og han vigsla på nytt HERRENS altar, det som stod framfor forhallen i HERRENS hus.

9Så samla han heile Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simon som budde mellom dei. For det var mange frå Israel som hadde gått over til Asa då dei såg at HERREN hans Gud var med han.

10I det femtande styringsåret til Asa, i den tredje månaden, samla dei seg i Jerusalem.

11Den dagen ofra dei til HERREN sju hundre oksar og sju tusen sauer av det byttet dei hadde teke med seg.

12Og dei gjorde ei pakt om at dei skulle søkja HERREN, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarte og av heile si sjel.

13Og alle som ikkje søkte HERREN, Israels Gud, skulle døy, gammal som ung, mann som kvinne.

14Med høg røyst svor dei til HERREN under jubelrop, til lyden av trompetar og bukkehorn.

15Heile Juda gledde seg over eiden, for dei hadde svore han av heile sitt hjarte. Dei hadde søkt HERREN av all god vilje, og han lét seg finna. HERREN gav dei fred på alle kantar.

16Kong Asa tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Han hogg biletet sund, knuste det og brende det i Kedron-dalen.

17Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel var Asa heilhjarta så lenge han levde.

18Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde gjeve, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.

19Det var ikkje krig før i det trettifemte styringsåret til Asa.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.