1 Timothy 6NO2011NN

1Alle som er under åket som slavar, skal visa herrane sine all den respekt dei er verde, så Guds namn og læra ikkje skal bli spotta.

2Dei som har herrar som trur, skal ikkje visa dei mindre respekt fordi dei er sysken, men heller tena dei med endå større iver. For dei som tek imot tenestene dykkar, er truande og høgt elska sysken. Dette skal du læra dei og leggja dei på hjartet.

3Den som fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til,

4er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar

5og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

6Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.

7For tomhendte kom vi inn i verda, og tomhendte må vi fara herifrå.

8Har vi mat og klede, skal vi vera fornøgde med det.

9Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.

10For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.

11Men du, Guds menneske, hald deg borte frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn!

12Strid den gode striden i trua og grip det evige livet som du er kalla til, det som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.

13Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus:

14Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem.

15Det skal han la oss få sjå i si tid, den sæle og einaste herskaren, kongen over kongane og herren over herrane,

16den einaste som er udødeleg, som bur i eit lys dit ingen kan koma, han som ikkje noko menneske har sett, og ingen kan sjå. Han vere ære og evig makt! Amen.

17Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det.

18Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre.

19Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.

20Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet,

21den som visse folk har vedkjent seg og dermed forvilla seg bort frå trua. Nåden vere med dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Timothy 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.