1Tal ikkje hardt til ein gammal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du formana som brør,
2eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, alt med reine tankar.
3Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.
4Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei først læra å visa gudsfrykt i sin eigen heim og med takk gje noko att til dei gamle. For dette er godt i Guds auge.
5Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett sitt håp til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.
6Men den som berre vil nyta livet, er levande død.
7Det òg skal du prenta inn, så ingen skal kunna skulda dei for noko.
8Den som ikkje har omsorg for sine næraste, og først og fremst for sin eigen heim, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.
9Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,
10vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.
11Men unge enkjer skal du ikkje godta. For lysta dreg dei bort frå tenesta for Kristus så dei vil gifta seg.
12Då får dei til dom at dei har brote den første lovnaden om truskap.
13Dessutan har dei ikkje noko å gjera og lærer seg til å springa frå hus til hus. Ja, ikkje nok med det, dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker dei ikkje har noko med, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.
14Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så ikkje motstandaren får høve til å koma med spott.
15Nokre har alt vendt seg bort og følgt Satan.
16Om ei truande kvinne har enkjer hos seg, skal ho sørgja for dei og ikkje la dei bli ei bør for forsamlinga. Så kan forsamlinga ta seg av dei enkjene som er åleine.
17Eldste som er gode leiarar i forsamlinga, fortener dobbel løn, særleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.
18For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er verd si løn.
19Godta ikkje skuldingar mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.
20Dei som syndar, skal du tala til rette medan alle høyrer på, til åtvaring for andre.
21Eg byd deg for Guds og Kristi Jesu andlet og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordommar og utan å gjera forskjell på folk.
22Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og bli ikkje medskuldig i synder som andre gjer. Hald deg sjølv rein.
23Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.
24Hos nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til dommen, hos andre følgjer dei etter.
25På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen.