1Då Samuel vart gammal, sette han sønene sine til dommarar i Israel.
2Den førstefødde heitte Joel og den andre Abia. Dei var dommarar i Beer-Sjeba.
3Men sønene følgde ikkje vegane til Samuel. Dei søkte urett vinning, lét seg kjøpa og vrengde retten.
4Då samla alle dei eldste i Israel seg og kom til Samuel i Rama.
5Dei sa til han: «No er du gammal, og sønene dine følgjer ikkje dine vegar. Set ein konge til å styra oss slik alle dei andre folka har.»
6Men Samuel såg med uvilje på dette at dei sa: «Gjev oss ein konge som kan styra oss!» Og han bad til HERREN.
7Men HERREN sa til han: «Høyr på folket og alt dei seier til deg! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.
8Det har dei gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt og til denne dag. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar. Og slik gjer dei no mot deg.
9Så høyr på dei! Men åtvara dei og fortel kva rettar kongen deira kjem til å få.»
10Samuel fortalde folket som kravde ein konge av han, alt det HERREN hadde sagt.
11Han sa: «Dette er rettane til kongen som skal herska over dykk: Han tek sønene dykkar og set dei til å gjera teneste ved kongens vogner og hestar og til å springa framfor vogna hans.
12Nokre set han til førarar for tusen mann og nokre for femti. Nokre må pløya åkrane og hausta inn avlinga hans, andre må laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene.
13Døtrene dykkar set han til å laga salvar, til å koka og baka.
14Dei beste jordstykka, vinmarkene og olivenlundane dykkar skal han ta og gje til mennene sine.
15Av åkrane og vinmarkene dykkar skal han ta tiend og gje til hoffmennene og tenarane sine.
16Slavane og slavekvinnene, esla og dei beste oksane dykkar tek han i si eiga teneste.
17Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de gjera slavearbeid for han.
18Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. HERREN skal ikkje svara dykk den dagen.»
19Men folket nekta å høyra på Samuel. «Nei», sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.
20Vi vil vera som dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; han skal rykkja ut framfor oss og føra krigane våre.»
21Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for HERREN.
22Og HERREN sa til Samuel: «Høyr på det dei seier og set ein konge over dei.» Då sa Samuel til israelittane: «Gå heim att, kvar til sin by!»