1 Samuel 7NO2011NN

1Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta HERRENS paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei helga Elasar, son hans, til å vakta HERRENS paktkiste.

2Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Og heile Israels hus sukka etter HERREN.

3Då sa Samuel til heile Israels hus: «Vender de om til HERREN av eit heilt hjarte, må de få bort dei framande gudane og Astarte-bileta som er hos dykk. Vend hjartet til HERREN, og ten han og ingen annan! Så skal han fria dykk frå handa til filistrane.»

4Då skilde israelittane seg av med Baal-gudane og Astarte-bileta og tente berre HERREN.

5Samuel sa: «Kall saman heile Israel i Mispa! Så skal eg be til HERREN for dykk.»

6Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og slo det ut for HERRENS andlet. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot HERREN.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.

7Så snart filistrane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane over filistarbyane opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde filistrane

8og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til HERREN vår Gud for oss, så han bergar oss frå handa til filistrane.»

9Då tok Samuel eit lite lam og ofra det som heiloffer til HERREN. Han ropa til HERREN for Israel, og HERREN svara han.

10Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistrane fram til kamp mot israelittane. Men den dagen sende HERREN eit veldig torevêr over filistrane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane.

11Israels hær drog ut frå Mispa; dei forfølgde filistrane til nedanfor Bet-Kar og slo dei.

12Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Sjen. Han kalla steinen Eben-Eser — «Hjelpesteinen» — og sa: «Så langt har HERREN hjelpt oss.»

13Slik vart filistrane tvinga i kne, og dei kom ikkje meir innanfor Israels grenser. HERRENS hand låg tungt på filistrane så lenge Samuel levde.

14Dei byane som filistrane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat. Også områda ikring dei tok Israel tilbake frå filistrane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

15Samuel var dommar i Israel så lenge han levde.

16Kvart år drog han rundt til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane.

17Sidan vende han attende til Rama, for der budde han, og der var han dommar for Israel. I Rama bygde han eit altar for HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.