Zechariah 13NO1978NN

1Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for Jerusalems-buane til å reinsa bort synd og ureinskap.

2Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, at eg rydjar ut or landet namna på avgudane, så dei aldri skal nemnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.

3Om nokon framleis talar profetord, skal far og mor hans, hans eigne foreldre, seia til han: «Du skal ikkje få leva, for du har tala lygn i Herrens namn.» Og far og mor hans, hans eigne foreldre, skal stikka han ned fordi han har stige fram og tala profetord.

4Den dagen skal det henda at kvar profet skjemmest over synene sine når han forkynner, og han skal ikkje kle seg i loden kappe for å lyga.

5Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, for det var ein som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.»

6Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på brystet?» kjem han til å svara: «Dei har eg fått i huset åt elskarane mine.»

7Vakna, sverd, ¬mot min hyrding, mot mannen ¬som står meg nær, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Slå hyrdingen, ¬og lat sauene spreiast! Mot dei minste ¬vil eg lyfta mi hand.

8I heile landet, ¬lyder ordet frå Herren, skal to tredjepartar rydjast ut ¬og døy, men ein tredjepart skal leivast.

9Denne tredjeparten ¬lèt eg gå gjennom eld, eg reinsar han, ¬som ein reinsar sølv, og prøver han, ¬som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg vil høyra bøna deira ¬og seia: «Dei er mitt folk,» og dei skal svara: «Herren er vår Gud.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.