Romans 6NO1978NN

1Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større?

2Langt ifrå! Vi som har døytt frå synda, korleis kan vi framleis leva i synda?

3Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?

4Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.

5Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.

6Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda.

7For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.

8Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han.

9Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han.

10Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud.

11På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen.

13Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.

14Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden.

15Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå!

16De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.

17Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven.

18De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda –

19eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga.

20Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett.

21Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden.

22Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv.

23For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Romans 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.