Romans 12NO1978NN

1Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

2Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

4Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.

5På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

6Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;

7den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,

8og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

9Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.

10Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

11Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

12Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.

13Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.

14Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje.

15Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt.

16Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!

17Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske.

18Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk.

19Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren.

20Men det står òg: Er din uven svolten, ¬så lat han få mat, er han tyrst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du gloande kol ¬på hovudet hans.

21Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Romans 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.