Psalms 98NO1978NN

1Ein salme. Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under! Hans høgre hand ¬har gjeve han siger, hans heilage arm ¬har hjelpt han.

2Herren har gjort si frelse kjend, har vist si rettferd for folkeslag.

3Han kjem i hug si miskunn og sin truskap mot Israels ætt. Alle folk på jord har sett frelsa frå vår Gud.

4Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda! Bryt ut i jubel og lovsong!

5Syng og spel på lyre ¬for Herren, spel på lyre, ¬medan songen ljomar!

6Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren, til klangen av trompetar ¬og horn!

7Havet og alt som er i det, ¬skal brusa, jorda og dei som der bur.

8Elvane skal klappa i hendene, og fjella skal jubla i kor.

9Dei skal jubla for Herren, for han kjem ¬og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med rettvise.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 98.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.