Psalms 34NO1978NN

1Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.

2Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han.

3Eg rosar meg av Herren, dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.

4Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn!

5Eg søkte Herren, ¬og han svara meg, frå alt som skræmde, ¬berga han meg.

6Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam!

7Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar, han frelste han ¬frå alle trengsler.

8Herrens engel slår leir til vern for dei ¬som har age for Herren, og friar dei ut or fare.

9Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som flyr til han.

10Ottast Herren, ¬de hans heilage folk! Dei som ottast han, ¬lid inga naud.

11Unge løver må svelta ¬og lida sakn; men dei som søkjer Herren, vantar det aldri noko godt. *

12Kom hit og høyr på meg, ¬de born! Age for Herren ¬vil eg læra dykk.

13Er det nokon som elskar livet, som ynskjer seg ¬dagar med lukke?

14Så hald di tunge ¬frå lygn og slarv og lippene frå svikefull tale!

15Sky det vonde, og gjer det gode! Søk fred, og jag etter han!

16Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige, han vender øyra til deira rop.

17Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt, han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda.

18Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren, han bergar dei ¬ut or alle trengsler.

19Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta, og han frelser dei ¬som har ei knust ånd.

20Mykje vondt ¬må den rettferdige lida, men Herren friar han ut or alt.

21Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp, så ikkje eitt av dei vert brote.

22I ulukke misser ¬den gudlause livet, dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta.

23Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han; ingen som tyr til han, ¬lid straff.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.