Psalms 32NO1978NN

1Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt!

2Sælt er det menneske som Herren ikkje ¬tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd.

3Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort, eg stunde heile dagen.

4For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livskraft kvarv som i sommarens hete.

5Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: «Eg vil sanna mine synder for Herren.» Og du tok bort ¬mi syndeskuld.

6Difor skal alle trugne be til deg i trengselstider. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei.

7Hjå deg finn eg livd, du vernar meg mot trengsle og lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg.

8Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg og gje deg råd.

9Ver ikkje lik hest og muldyr, som ikkje har vit! I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel, elles kjem dei ikkje til deg.

10Den gudlause har mange plager; men den som set si lit ¬til Herren, kransar han med miskunn.

11Gled dykk i Herren! Bryt ut i jubel, de rettferdige! Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.