Psalms 30NO1978NN

1Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.

2Eg lovar og prisar deg, Herre; for du drog meg opp or djupet, du lét ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg.

3Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.

4Herre, frå dødsriket ¬førte du meg opp, du gav meg liv ¬og berga meg frå grava.

5Spel for Herren, de hans trugne, og lovsyng hans heilage namn!

6Ein augneblink ¬varer hans vreide, hans nåde varer livet ut. Om kvelden kjem gråt ¬som gjest, om morgonen er det gledesong.

7Eg kjende meg trygg og tenkte: «Aldri i æve skal eg rikkast!»

8Herre, i din nåde sette du meg på fast fjell; men så løynde du ditt åsyn, og eg vart gripen av redsle.

9Då ropa eg til deg, Herre, inderleg bad eg til min Gud:

10«Kva gagnar det at eg må døy, at eg må gå i grav? Kan vel støvet prisa deg, kan det forkynna din truskap?

11Høyr meg, Herre, ¬og ver meg nådig! Herre, kom meg til hjelp!

12Du vende mi sorg ¬og mi klage til dans; du løyste min syrgjebunad og lét meg bera gledeskrud.

13Difor vil eg av heile mi sjel syngja om deg og aldri teia. Eg takkar deg evig, ¬Herre, min Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.