Psalms 145NO1978NN

1Ein lovsong av David. Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge, og velsigna ditt namn ¬til evig tid.

2Eg vil lova deg ¬kvar einaste dag og prisa ditt namn til evig tid.

3Stor er Herren, ¬ja, høglova er han, uransakeleg er hans stordom.

4Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning, fortelja om dei storverk ¬du gjer.

5Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet, eg grundar på dine under.

6Dei talar om ¬dine mektige gjerningar, eg fortel om dine storverk.

7Dei kallar fram minnet ¬om all din godleik og syng med fagnad ¬om di rettferd.

8Nådig og mild er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9Herren er god mot alle, miskunnsam mot alle ¬sine skapningar.

10Heile din skapning takkar deg, ¬Herre, dei som held di pakt, ¬prisar deg.

11Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme, fortel om di veldige kraft,

12så menneska skal få kjenna ¬ditt velde og den strålande herlegdomen ¬i ditt rike.

13Ditt rike står ¬gjennom alle tider, ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt.

14Herren støttar kvar den ¬som fell, og reiser alle nedbøygde opp.

15Alle vender augo ventande ¬til deg, og du gjev dei mat i rette tid.

16Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever, med det som godt er.

17Rettferdig er Herren ¬i all si ferd og trufast i alt det han gjer.

18Herren er nær ¬hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han.

19Han gjer det dei ynskjer, dei som har age for han, han høyrer deira rop ¬og frelser dei.

20Herren vernar alle ¬som elskar han, men dei gudlause ¬rydjar han ut.

21Eg vil lovsyngja Herren; til evig tid skal alt som lever, lova hans heilage namn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 145.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.