Psalms 137NO1978NN

1Ved Babels elvar, ¬der sat vi og gret når vi kom Sion i hug.

2På piletrea der i landet lét vi våre harper hanga.

3Der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga; dei som plaga oss, ¬kravde glede: «Syng for oss av ¬Sions songar!»

4Korleis kan vi syngja ¬Herrens song på framand jord?

5Nei, gløymer eg deg, ¬Jerusalem, så lat mi høgre hand ¬verta gløymd!

6Lat tunga hanga fast ved ganen om eg ikkje minnest deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!

7Herre, kom Jerusalems dag ¬i hug, og Edoms søner som sa: ¬«Riv ned! Ja, riv ned til grunnen!»

8Babels dotter, du som er herja, sæl er den som gjev deg att for det du har gjort mot oss!

9Sæl er den ¬som tek dine småborn og knuser dei mot berget!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 137.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.