1Ein song til festferdene. Herre, kom David i hug for all den møda han heldt ut!
2Han svor Herren ein eid, gav Jakobs Veldige ein lovnad:
3«Eg går ikkje inn i min bustad og legg meg ikkje på mi lege,
4eg unner meg ikkje ¬blund på augo, lèt ikkje augneloka kvila
5før eg har funne ¬ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Veldige.»
6Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata, vi fann henne ¬på Ja’ar-markene.
7Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustad og kasta oss ned ¬for hans fotskammel!
8Reis deg, Herre, ¬og kom til den stad der du slår deg til ro, du og ditt veldes kiste.
9Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd, og dei som held di pakt, ¬skal jubla.
10For David, din tenar skuld, vis ikkje frå deg ¬den du har salva!
11Herren har svore David ¬ein eid, eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå: «Menn av di ætt vil eg setja på din kongsstol.
12Dersom sønene dine ¬held mi pakt og den lov eg vil læra dei, så skal deira søner òg for alltid sitja ¬på din kongsstol.»
13For Herren har valt ut Sion, som han vil ha til bustad:
14«Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid, her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.
15Maten på Sion vil eg velsigna, og dei fattige vil eg metta ¬med brød.
16Sions prestar kler eg ¬med frelse, og dei trugne skal ropa ¬av fagnad.
17Der lèt eg Davids-ætta få makt, eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva.
18Hans fiendar vil eg kle ¬med skam men på hans hovud ¬skal krona stråla.»