Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 130

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein song til festferdene. Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre.
2 Herre, høyr mi røyst! Vend øyra til og høyr når eg tryglar og bed.
3 Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre, kven kan verta ståande?
4 Men hjå deg er tilgjeving; difor vi ottast deg.
5 Eg ventar, ja vonar Herren, eg ventar hans ord.
6 Eg stundar etter Herren meir enn vaktmenn ¬etter morgonen, vaktmenn etter morgonen.
7 Venta Herren, Israel! For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing.
8 Herren skal løysa ut Israel frå alle deira synder.