Psalms 125NO1978NN

1Ein song til festferdene. Dei som set si lit til Herren, er som Sion-fjellet; det skal aldri rikkast, ¬men stå til evig tid.

2Liksom fjella ¬ligg vernande om Jerusalem, såleis vernar Herren ¬om sitt folk frå no og til evig tid.

3Nidings kongsstav ¬skal ikkje kvila på landet ¬som dei rettferdige fekk, så ingen rettferdig ¬skal retta ut handa og gjera det som vondt er.

4Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har ¬ein ærleg hug.

5Men Herren sender frå seg dei som slår inn på krokvegar, og dei som fer med vondskap. Fred vere over Israel!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 125.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.