1Ein song til festferdene. Til Herren ropa eg i mi naud, og han høyrde mi bøn.
2Frels meg frå lipper som lyg, frå falske tunger, Herre!
3Kva skal han gje deg, ¬du falske tunge, og kva meir skal han la deg få?
4Kvasse piler ¬frå stridsmannens boge og gloande kol ¬av gyvelbusken.
5Ve meg, som må halda til ¬i Mesjek og bu mellom Kedars telt!
6Altfor lenge har eg butt mellom folk som hatar fred.
7Eg ynskjer fred; ¬men seier eg eit ord, er dei ferdige til strid.