1Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein Davids-salme.
2Berga meg, Herre! ¬Dei trugne er borte, det finst ikkje ¬trufaste menneske meir.
3Lygn talar dei, ¬kvar med sin neste, med tvihug og falske lipper.
4Gjev Herren må rydja ut alle som fer med lygn og talar store ord,
5som seier: «Vi har vår styrke i tunga, og vi har lippene med oss. Kven meistrar vel oss?»
6«Fordi dei verjelause ¬vert trælka og dei fattige styn, vil eg reisa meg no,» ¬seier Herren. «Eg vil frelsa dei som stundar etter hjelp.»
7Herrens ord er reine ord, lik sølv som er skirsla ¬i smelteomnen, sju gonger reinsa.
8Herre, du vil vara oss, alltid verna oss mot denne ætta,
9når gudlause menneske ¬fer ikring, og usseldom får makta ¬mellom folk.