1Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn.
2Så skal Israel seia: Evig varer hans miskunn.
3Arons ætt skal seia: Evig varer hans miskunn.
4Dei som ottast Herren, ¬skal seia: Evig varer hans miskunn.
5I trengsla ropa eg til Herren, han svara ¬og førte meg ut i ope lende.
6Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
7Når Herren er min hjelpar, kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte.
8Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til menneske.
9Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til stormenn.
10Alle folkeslag kringsette meg; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
11Dei var ikring meg ¬på alle kantar; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
12Dei var ikring meg som bier. Dei slokna som eld i klunger; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
13Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla, men Herren kom meg til hjelp.
14Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging.
15Høyr, jubel og sigersrop lyder i telta åt dei rettferdige! Herrens høgre hand ¬gjer storverk,
16Herrens hand reiser opp. Herrens høgre hand ¬gjer storverk.
17Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja ¬om Herrens gjerningar.
18Hardt har Herren tukta meg, men han lét meg ikkje døy.
19Lat rettferdsporten opp ¬for meg, eg vil gå inn og prisa Herren!
20Her er Herrens port, gjennom den ¬går dei rettferdige inn.
21Eg takkar deg ¬fordi du svara meg, fordi du vart mi berging.
22Den steinen ¬bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.
23Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo.
24Dette er dagen ¬som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!
25Å, Herre, gjev frelse, å, Herre, lat det lukkast!
26Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Vi velsignar dykk ¬frå Herrens hus.
27Herren er Gud, ¬han gav oss ljos. Knyt festtoget saman ¬med greiner heilt opp til altarhorna!
28Du er min Gud, eg takkar deg; min Gud, eg lovsyng deg.
29Pris Herren, for han er god, ev ig varer hans miskunn.