Numbers 36NO1978NN

1Leiarane for dei huslydane som var ætta frå Gilead, son til Makir, Manasses son, og som høyrde Josefs-ættene til, steig fram for Moses og leiarane, ættehovdingane i Israel

2og sa: Herren har sagt at du, herre, skal skifta landet mellom israelittane ved loddkasting. Og han har sagt, herre, at du skal la døtrene til Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.

3Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått.

4Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk.

5Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier.

6Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt.

7Så skal ingen eigedom i Israel gå over frå ei ætt til ei anna; men kvar israelitt skal halda fast på arven innan si fedreætt.

8Kvar dotter som arvar jord i ei av Israels-ættene, må gifta seg med ein mann frå hennar eiga fedreætt, så kvar israelitt kan arva odelsjord etter fedrane sine.

9Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv.

10Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

11Makla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med sønene til farbrørne sine.

12Dei fekk menn som var ætta frå Manasse, son til Josef, så eigedomen deira kom til å fylgja den ætta dei tilhøyrde.

13Dette er dei bod og lover som Herren gav israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Numbers 36.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.