Numbers 29NO1978NN

1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Den dagen skal horna ljoma hjå dykk.

2De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein ung okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.

3Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren

4og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

5Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.

6Dette skal de ofra attåt nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet som høyrer til, og dei vanlege drikkoffera; det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

7Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. Då må de fasta og ikkje gjera noko arbeid.

8De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle lam. Og dei må vera utan lyte.

9Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren

10og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

11Ein bukk skal de bera fram som syndoffer attåt soningssyndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

12Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. I sju dagar skal de halda høgtid for Herren.

13De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: tretten unge oksar, to verar og fjorten årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.

14Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to verane

15og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma.

16Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

17Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

18Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

19Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

20Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

21Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

22Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

23Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

24Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

25Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

26Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

27Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

28Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

29Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

30Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

31Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

32Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

33Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

34Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

35Den åttande dagen skal de halda høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

36De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.

37Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

38Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

39Desse offera skal de bera fram for Herren på høgtidene, attåt lovnadsoffera og dei friviljuge offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Numbers 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.