Numbers 20NO1978NN

1I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.

2Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron.

3Dei tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn!

4Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt?

5Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?»

6Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei,

7og Herren sa til Moses:

8«Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»

9Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn.

10Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?»

11Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka.

12Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»

13Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.

14Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt.

15Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre.

16Då ropa vi til Herren, og han høyrde bøna vår. Han sende ein engel og førte oss ut or Egypt. Og no er vi i Kadesj, ein stad som ligg nær grensa til landet ditt.

17Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi skal fylgja kongsvegen og ikkje ta av til høgre eller venstre før vi er komne gjennom landet.

18Men kongen i Edom svara: «Du får ikkje fara gjennom landet mitt. Gjer du det, møter eg deg med sverd i hand.»

19Då sa israelittane til han: «Vi vil halda oss til landevegen, og dersom vi eller buskapen vår drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er ikkje stort eg bed om. Eg vil berre få gå gjennom landet til fots.»

20Men kongen svara: «Nei, du får ikkje gå igjennom!» Og edomittane drog ut mot dei med ein stor og velvæpna hær.

21Sidan kongen i Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, bøygde dei av og tok ei anna lei.

22Israelittane tok ut frå Kadesj og kom i samla flokk til Hor-fjellet.

23Der, ved grensa mot Edom-landet, sa Herren til Moses og Aron:

24No skal Aron fara til folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane; for de var ulydige mot meg ved Meriba-kjelda.

25Ta Aron og Elasar, son hans, med deg opp på Hor-fjellet!

26Ta så prestekleda av Aron og ha dei på Elasar, son hans! For der skal Aron døy og fara til folket sitt.

27Moses gjorde som Herren sa. Medan heile folket såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.

28Moses tok prestekleda av Aron og hadde dei på Elasar, son hans. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att,

29skjøna heile folket at Aron var død. Og heile Israels-ætta heldt syrgjehøgtid over Aron i tretti dagar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Numbers 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.