Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Numbers 17

:
Norwegian - NO1978NN
1 Herren tala til Moses og sa:
2 Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, éin stav for kvar ætt. Av kvar ættehovding skal du ein stav, og den skal du skriva namnet hans.
3 staven åt Levi skal du skriva Arons namn; for det skal vera éin stav for kvar ættehovding.
4 Legg stavane i møteteltet framfor lova der eg møtest med dykk.
5 skal han spira og gro, staven som tilhøyrer den mannen eg vel ut. får eg vel fred for den murringa israelittane stadig plagar dykk med.
6 tala Moses til israelittane. Og alle ættehovdingane gav han kvar sin stav, éin stav for kvar ætt. Det var tolv stavar i alt, og mellom dei var staven til Aron.
7 Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i lovteltet.
8 han dagen etter kom inn i teltet, fekk han sjå at Arons stav, staven for Levi-ætta, hadde sett friske skot; han hadde fått knuppar, blomar og mogne mandlar.
9 Moses tok alle stavane bort frå Herrens åsyn og bar dei ut til israelittane. dei fekk sjå dei, tok dei kvar sin stav.
10 sa Herren til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor lova! Der skal han gøymast og vera eit teikn for dei trassige, eg slepp høyra murringa deira meir; elles dei døy.»
11 Moses gjorde; som Herren hadde sagt, gjorde han.
12 Men israelittane sa til Moses: «Sjå, det er ute med oss. Vi går alle til grunne, vi døyr.
13 Kvar den som vågar seg innåt Herrens bustad, døy. Skal vi til grunne, alle saman?»