Numbers 12NO1978NN

1Ein gong tala Mirjam og Aron mot Moses fordi han hadde teke ei kvinne frå Nubia til kone. Han hadde nemleg gift seg med ei nubisk kvinne.

2Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren.

3Men Moses var ein svært audmjuk mann, audmjukare enn alle menneske på jorda.

4Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til møteteltet, alle tre!» Dei så gjorde.

5Då steig Herren ned i ei skystøtte og stod attmed teltdøra. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.

6Så sa han: Høyr kva eg, Herren, seier: Er det ein profet hjå dykk, vender eg meg til han i syner og talar til han i draumar.

7Men så er det ikkje med Moses, ¬min tenar, han er trufast i heile mitt hus.

8Han talar eg med, åsyn til åsyn, klårt og greitt, ikkje i gåter; Herrens skapnad får han sjå. Korleis kunne de då våga å tala mot Moses, min tenar?

9Så gjekk Herren bort, medan vreiden hans loga imot dei.

10Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var sjuk.

11Då sa han til Moses: «Herre, lat oss ikkje bøta for ei synd vi har gjort i vår dårskap.

12Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster, som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»

13Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, gjer henne frisk!»

14Men Herren svara: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, laut ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? No skal ho stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»

15Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket tok ikkje av stad før ho var komen inn att.

16Men då drog dei frå Haserot og slo leir i Paran-øydemarka.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Numbers 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.