Nehemiah 5NO1978NN

1På den tid kom mange menn og konene deira med sterke klagemål mot landsmennene sine, dei andre jødane.

2Somme sa: «Vi og sønene og døtrene våre er mange. Lat oss få korn, så vi har noko å eta og kan berga livet.»

3Andre sa: «Markene og vingardane og husa våre har vi sett i pant, så vi kunne få korn og stilla svolten.»

4Atter andre sa: «Vi har lånt pengar på markene og vingardane våre, så vi kunne betala skatten til kongen.

5Vi er då av same kjøt og blod som landsmennene våre, og våre born er som deira. Likevel må vi selja sønene og døtrene våre til trælar. Ja, nokre av døtrene våre har alt vorte vanæra. Og vi kan ikkje hindra det, fordi markene og vingardane våre høyrer andre til.»

6Då eg høyrde klagemåla deira og det dei fortalde, vart eg brennande harm.

7Etter at eg hadde tenkt over dette, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: «De legg bører på landsmennene dykkar!» Så lyste eg til eit stort folkemøte mot dei

8og sa: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, jødane, som var selde til andre folk. Men de sel landsmennene dykkar, så vi må kjøpa dei fri att.» Då tagde dei og visste ikkje kva dei skulle svara.

9Så sa eg: «Det er ikkje rett det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i age for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal få grunn til å spotta oss?

10Eg og brørne mine og mennene mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss stryka den skulda!

11Lat dei i denne dag få att markene, vingardane, olivenhagane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar av pengar, korn, druesaft og olje som de har lånt dei.»

12Dei svara: «Ja, vi skal gje det att og ikkje krevja noko av dei. Vi skal gjera som du seier.» Då kalla eg fram prestane, og med dei til stades lét eg hine sverja på at dei skulle halda lovnaden sin.

13Eg riste jamvel brystlomma på kappa mi tom og sa: «Så skal det gå kvar mann som ikkje held denne lovnaden: Gud skal rista han ut or huset og eigedomen hans; så rist og tømd skal han verta.» Heile lyden sa: «Amen!» og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket som dei hadde sagt.

14Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i Judea, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, gjorde korkje eg eller frendane mine krav på det underhaldet som ein statthaldar har rett til.

15Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt tunge bører på folket. Fyrst tok dei brød og vin frå dei og sidan førti sekel sølv. Jamvel mennene deira var harde med folket. Men det var ikkje eg; for eg hadde age for Gud.

16Men eg var med og arbeidde på denne muren, endå eg ikkje åtte jord. Og alle mennene mine var samla til arbeidet der.

17Hundre og femti mann av jødane og forstandarane åt ved mitt bord, forutan dei som kom til oss frå grannelanda våre.

18Kvar dag gjekk det med ein okse, seks utvalde sauer og nokre fuglar, og kvar tiande dag ei nøgd med vin av alle slag. Alt dette kosta eg. Likevel gjorde eg ikkje krav på det underhald som statthaldaren har rett til. For arbeidet kvilte tungt på folket mitt.

19Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg har gjort for dette folket!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.