Micah 5NO1978NN

1Men du, Betlehem, Efrata, den ringaste ¬mellom ættene i Juda! Frå deg skal eg få meg ¬ein mann som skal vera herre over Israel. Han har sitt opphav ¬i gamal tid, han er frå eldgamle dagar.

2Så lèt Gud dei gå ¬sine eigne vegar til dess ho som skal føda, ¬har født. Då kjem resten av brørne hans heim att til Israels søner.

3Han skal stå og gjæta ¬i Herrens kraft, med makt og mynd ¬frå Herren sin Gud. Og no skal dei sitja trygt, for hans velde ¬når til heimsens endar.

4Han skal koma med fred. «Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårt og stig inn i borgene våre, då reiser vi imot dei sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

5Dei skal gjæta Assurs land ¬med sverd, ja, Nimrods land ¬med dregne våpen.» Men han skal frelsa ¬frå assyrarane når dei kjem inn i landet vårt og stig over grensene våre.

6Mellom mange folk ¬skal Jakobs rest vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras. Dei ventar ikkje ¬på nokon mann og vonar ikkje på menneske.

7Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest – midt imellom mange folk – som løva mellom dyra i skogen, som ungløva i saueflokkar. Ho fer fram og trakkar ned, ho riv i hel, og ingen bergar.

8Lat di hand vera lyft mot dine motstandarar! Må alle dine fiendar rydjast ut!

9Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg rydja ut hestane dine og gjera stridsvognene dine ¬til inkjes.

10Byane i landet legg eg i øyde, og alle festningane ¬bryt eg ned.

11Trolldomsmidla tek eg frå deg, og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha.

12Gudebileta dine rydjar eg ut, steinstøttene dine tek eg bort. Du skal ikkje lenger bøya deg og tilbe det du sjølv har laga.

13Asjera-pålane riv eg opp, og byane legg eg i øyde.

14I vreide og harme tek eg hemn over folkeslag ¬som ikkje vil høyra.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Micah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.