Micah 3NO1978NN

1Eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar, de styresmenn i Israel! Skulle ikkje de vita kva som er lov og rett?

2Men de hatar det gode og elskar det vonde. De flår skinnet av folk og riv kjøtet av knokane.

3Dei et kjøtet av folket mitt, flår skinnet av ¬og knuser beina deira. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel.

4Når dei så ropar til Herren, svarar han ikkje. Han løyner sitt åsyn for dei for deira vonde åtferd skuld.

5Så seier Herren ¬om dei profetane som fører folket mitt vilt, som forkynner fred og lukke berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei ¬munnen full:

6Difor skal det koma over dykk ei natt utan syner og mørker utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen svartna ikring dei.

7Då skal sjåarane ¬verta til skammar, spåmennene stå der ¬med vanære. Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman, for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.

8Men eg, eg er full av styrke, av Herrens Ande, ¬av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot, til Israel om hans synd.

9Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt, de styresmenn i Israel, de som styggjest ved rettferd og krøkjer det som er rett,

10som byggjer Sion ¬med bloddåd og Jerusalem med urett!

11Der dømer hovdingen ¬for betaling, presten tek løn for å læra, og profeten spår for pengar. Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier: «Er ikkje Herren ¬midt imellom oss? Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»

12Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld – pløyast som ein åker. Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys og tempelberget ¬ein skogkledd ås.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Micah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.