Micah 1NO1978NN

1Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.

2Høyr, alle de folkeslag! Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er! Herren Gud skal vitna ¬mot dykk, vitna frå sitt heilage tempel.

3Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad, stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.

4Fjella brånar under han, og dalane rivnar, som voks når det brånar i eld, som vatn når det renn ¬utfor stup.

5Alt dette hender fordi Jakob har falle frå, fordi Israel har synda. Kva er så Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kva er Judas synd? Er det ikkje Jerusalem?

6Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøys og marka i byen ¬til vingardsjord. Eg velter steinane ned i dalen og legg ¬byens grunnvollar berre.

7Alle gudebileta der ¬skal knusast og horegåvene brennast i eld, avgudsbileta gjer eg til inkjes. Med horeløn er dei samla, og til horeløn skal dei verta.

8Difor må eg klaga og jamra, gå berrføtt og naken ikring, klaga som sjakalen og jamra som strutsen.

9For Juda har fått eit slag, og såret er ulækjande. Det har nått til porten ¬åt mitt folk, heilt til Jerusalem.

10Fortel ikkje dette i Gat! Hald opp med gråt og skrik! Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!

11Far nakne og vanæra bort, de som bur i Sjafir! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Klageropa i Bet-Haesel riv grunnen bort under dykk.

12Korleis kan folket i Marot venta seg noko godt, når ulukke frå Herren slår ned ved Jerusalems port?

13Spenn hestane for vogna, de Lakisj-buar! De vart opphav til Sions synd. Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.

14Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve! Som ein sviktande bekk er husa i Aksib ¬for Israels kongar.

15Endå ein gong ¬sender eg mot dykk, de Maresja-buar, ein som skal leggja dykk ¬under seg. Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.

16Klypp deg snau, rak håret av i sorg over borna dine! Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud, for dei er førte bort ifrå deg!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Micah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.