1Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:
2«Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.»
3«Og de,» svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dei føresegnene de har overteke?
4For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.
5Men de lærer: Den som seier til far sin eller mor si: Det eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ei gåve til templet –
6han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke.
7De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa:
8Dette folket ærar meg ¬med lippene, men hjarta deira er langt borte ¬frå meg.
9Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, ¬er menneskebod.»
10Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det:
11Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»
12Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?»
13Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.
14Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
15Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!»
16«Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.
17«Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og ut att?
18Men det som går ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint.
19For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.
20Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta med uvaska hender gjer ikkje eit menneske ureint.»
21Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon.
22Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»
23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.»
24Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket.»
25Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»
26Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
27«Det er sant, Herre,» sa kvinna, «men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.»
28Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart god att i same stunda.
29Jesus drog no lenger og kom til Galilea-sjøen; han gjekk opp i fjellet og sette seg der.
30Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lame, vanføre, blinde og mållause og mange andre, og la dei ned for føtene hans. Jesus lækte dei,
31og folket undra seg då dei fekk sjå at mållause tala, vanføre vart friske, lame gjekk og blinde fekk synet. Og dei lova Israels Gud.
32Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.»
33Læresveinane svara: «Kvar kan vi få brød frå her i øydemarka til å metta så mykje folk?»
34«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.»
35Då bad han folket setja seg på marka.
36Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.
37Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var til overs, og fylte sju korger.
38Dei som hadde ete, var fire tusen menn, forutan kvinner og born.
39Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til grendene ved Magadan.