Malachi 4NO1978NN

1Sjå, dagen kjem, ¬han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, ¬skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att.

2Men for dykk ¬som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom ¬under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk ¬som kalvar når dei slepp or fjøset.

3Då skal de trakka ned ¬dei gudlause, dei skal vera som støv ¬under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud.

4Kom i hug lova åt Moses, ¬tenaren min, den eg gav han på Horeb ¬for heile Israel, både føresegner ¬og domsreglar.

5Sjå, eg sender profeten Elia ¬til dykk før Herrens dag kjem, ¬den store og skræmande.

6Han skal venda fedrehjarto ¬til borna og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma ¬og bannstøyta landet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Malachi 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.