Malachi 1NO1978NN

1Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki.

2«Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren. Men de spør: «Korleis har du synt at du har oss kjær?» «Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?» lyder ordet frå Herren. «Likevel hadde eg Jakob kjær,

3men Esau hadde eg uvilje mot. Eg gjorde fjella hans til ei audn, arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.»

4Når edomittane seier: «Vi er knuste, men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,» då seier Herren, Allhærs Gud: «Lat dei byggja, ¬men eg riv ned. Dei skal kallast ¬det gudlause landet og folket som Herren ¬for alltid er harm på.»

5De skal sjå det med eigne augo ¬og seia: «Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»

6Ein son ærar far sin, og ein træl har age ¬for herren sin. Men er eg far, ¬kvar er då mi ære, og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg? seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk, de prestar ¬som vanvørder mitt namn. De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?»

7Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar. De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?» Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.»

8Når de vil ofra eit blindt dyr, er ikkje det gale? Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt, er ikkje det gale? Kom med slikt ¬til statthaldaren din! Trur du han vil synast om deg eller ta vel imot deg? seier Herren, Allhærs Gud.

9Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje, så han kan vera nådig mot oss. Når de har gjort slikt, kan han då syna godhug ¬for dykk? seier Herren, Allhærs Gud.

10Om det berre fanst nokon ¬mellom dykk som ville stengja ¬tempeldørene, så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar. Eg har ingen hugnad i dykk, seier Herren, Allhærs Gud, og vil ikkje ha dei offergåvene som de ber fram.

11Frå lengst i aust til lengst i vest er mitt namn stort ¬mellom folkeslaga. Alle stader ¬brenner dei reine offer som dei ber fram for meg; for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga, seier Herren, Allhærs Gud.

12Men de vanhelgar mitt namn når de seier ¬at Herrens bord er ureint, og at maten på det ¬er ring frukt.

13De tenkjer: «Å, for eit strev!» og blæs åt det, seier Herren, ¬Allhærs Gud. De kjem med dyr som er røva, og med dyr som er halte ¬eller sjuke, når de ber fram offergåver. Skulle eg ha hugnad i slike gåver frå dykk? ¬seier Herren.

14Forbanna vere den ¬som fer med svik, som har eit hanndyr ¬i buskapen og lovar å gje det til Herren, men i staden ofrar eit dyr ¬som er skadt. For eg er ein stor konge, seier Herren, Allhærs Gud, mellom folkeslaga ¬står det age av mitt namn.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Malachi 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.