Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 5

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.
2 fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt og skylde nøtene.
3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. sette han seg og lærte folket frå båten.
4 han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut djupet og kast nota, de kan fisk.»
5 «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men ditt ord vil eg kasta nota.»
6 gjorde dei det, og stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt å rivna.
7 Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og dei kom, fylte dei begge båtane, det var nære dei sokk.
8 Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»
9 For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått.
10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!»
11 rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.
12 Ein gong han var i ein av byane, kom det ein mann som var full av spedalsksykje. han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»
13 Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil! Vert rein!» Og med det same var sjukdomen borte.
14 Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
15 Men gjetordet om han fór berre mykje vidare, og folk kom i flokk og fylgje og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine.
16 Men sjølv drog han seg attende til aude stader og var der og bad.
17 Ein dag heldt han og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft han kunne lækja.
18 kom nokre menn berande med ein som var lam og låg ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,
19 men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. gjekk dei opp taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han båra ned beint framfor Jesus.
20 Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»
21 Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»
22 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
23 Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?
24 Men de skal vita at Menneskesonen har makt jorda til å tilgje synder» og no vende han seg til den lame «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og heim!»
25 Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.
26 vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.»
27 Sidan gjekk Jesus ut. fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!»
28 stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus.
29 Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei.
30 Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»
31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt.
32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
33 sa dei til han: «Læresveinane åt Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk.»
34 Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei?
35 Men det skal koma ei tid brudgomen vert teken frå dei, og når den tida kjem, skal dei fasta.»
36 Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot eit gamalt. For vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje det gamle.
37 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde.
38 Nei, ny vin ein fylla i nye skinnsekker.
39 Og ingen som har drukke gamal vin, har hug ny. Han vil seia at den gamle er best.»