Leviticus 26NO1978NN

1De skal ikkje laga dykk avgudar, ikkje reisa gudebilete eller steinstøtter og ikkje setja biletsteinar i landet dykkar og tilbe dei. For eg er Herren dykkar Gud.

2Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren.

3Dersom de lever etter føresegnene mine og gjev akt på boda mine og held dei,

4vil eg senda dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt.

5Treskjetida skal vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet vert sått. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar.

6Eg vil gje fred i landet. De skal få liggja i ro, og ingen skal skræma dykk. Udyra vil eg rydja ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar.

7De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar.

8Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar.

9Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk.

10De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye.

11Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk.

12Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.

13Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake.

14Men vil de ikkje høyra på meg og halda alle desse boda,

15vanvørder de føresegnene mine og viser motvilje mot lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt,

16då gjer eg like eins mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så augo sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så; for fiendar et det de avlar.

17Eg vender meg mot dykk, og de skal liggja under for fiendane. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal røma om ingen er etter dykk.

18Og vil de endå ikkje høyra på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

19Eg bryt dykkar stolte makt. Himmelen over dykk gjer eg tett som jern og jorda under dykk hard som bronse.

20Til inga nytte skal de slita dykk ut; for landet gjev ikkje grøde, og trea på marka ber ikkje frukt.

21Og set de dykk endå opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

22Eg sender villdyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane i landet vert aude.

23Og lèt de dykk endå ikkje tukta, men set dykk opp mot meg,

24vil eg òg setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

25Eg sender mot dykk eit sverd som hemner paktbrotet. Og rømer de til byane, sender eg pest inn imellom dykk, og de skal falla i fiendehand.

26Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.

27Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,

28vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

29Då vert de nøydde til å eta kjøtet av sønene og døtrene dykkar.

30Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei stygge, livlause avgudane dykkar; for de byd meg imot.

31Eg gjer byane dykkar til ei øydemark og legg heilagdomane i røys og bryr meg ikkje om angen som stig opp frå offera dykkar.

32Eg gjer landet så audt at fiendane som bur der, vert fælne.

33Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta ei øydemark og byane ein grushaug.

34Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra sine.

35Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der.

36Og dei av dykk som er att, vil eg gjera så redde der ute i fiendelandet at lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal røma som ein rømer for sverdet, og falla om ingen er etter dei.

37I redsle for sverdet skal dei snåva og falla, den eine over den andre, endå ingen forfylgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,

38men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal gjera ende på dykk.

39Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

40Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg.

41Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine.

42Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug.

43Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine.

44Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.

45Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.

46Dette er dei føresegner, bod og lover som Herren sette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet og lét Moses kunngjera for dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.