1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til israelittane at dei skal koma med rein olje av knust oliven til ljosestaken, så det kan setjast opp lamper til kvar tid!
3I møteteltet, utanfor forhenget som er framfor lovkista, skal Aron stadig stella lampene, så dei kan brenna for Herrens åsyn frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig lov for dykk i ætt etter ætt.
4Seint og tidleg skal han stella lampene på gull-ljosestaken som står for Herrens åsyn.
5Så skal du ta kveitemjøl og baka tolv kaker. I kvar kake skal det vera to tiandedels efa.
6Og du skal leggja dei i to rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn.
7På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit eldoffer for Herren.
8Kvar sabbatsdag skal brødet leggjast fram for Herrens åsyn som ei gåve frå israelittane. Det er ei evig pakt.
9Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens eldoffer. Det er ein evig rett.
10Ein mann som hadde ei israelittisk kvinne til mor og ein egyptar til far, gjekk ein gong ut mellom israelittane. I leiren kom han i trette med ein israelitt,
11og son til den israelittiske kvinna spotta Herrens namn og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibris av Dans-ætta.
12Dei sette han fast til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.
13Og Herren sa til Moses:
14Før spottaren ut or leiren! Alle som høyrde spottorda, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile lyden skal steina han.
15Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg.
16Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han steinast når han spottar Herrens namn.
17Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.
18Den som slår i hel eit dyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.
19Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:
20brot for brot, auga for auga, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.
21Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.
22Same retten skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.
23Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses.