Leviticus 22NO1978NN

1Herren tala til Moses og sa:

2Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren.

3Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, no eller i framtida, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han rydjast ut frå mitt åsyn. Eg er Herren.

4Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå,

5eller den som kjem nær noko krypdyr som ein vert urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis vert urein av.

6Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har lauga seg.

7Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.

8Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då vert han urein. Eg er Herren.

9Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje fører synd over seg og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.

10Ingen uvedkomande skal eta det som er heilagt. Den som held til hjå presten eller er leigekar hjå han, skal ikkje smaka det.

11Men når ein prest kjøper ein træl for pengar, då kan trælen eta av det heilage. Like eins kan dei som er fødde i huset hans, eta av maten hans.

12Når ei prestedotter gifter seg med ein mann som ikkje er av presteætt, må ho ikkje eta av dei heilage gåvene.

13Men vert ho enkje eller skild frå mannen sin og ikkje har born, og ho så kjem attende til farshuset sitt, då kan ho eta av maten åt far sin liksom i ungdomen. Men ingen uvedkomande må eta av den maten.

14Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han gje presten vederlag og leggja til ein femtedel.

15Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren,

16og såleis føra synd og skuld over folket, når dei et dei heilage gåvene deira. For eg er Herren, som helgar dei.

17Herren tala til Moses og sa:

18Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer dei ber fram for Herren som brennoffer,

19då må de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk: Det skal vera ein lytelaus okse, ver eller bukk.

20Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk.

21Når nokon ber fram for Herren eit måltidsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer, då må det vera eit lytelaust dyr, om Herren skal ha hugnad i han. Det må ikkje finnast lyte på det.

22De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av verkjesår, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja eldoffer av slike dyr på altaret for Herren.

23Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som friviljug offer, men som lovnadsoffer tekkjest dei ikkje Herren.

24Dyr som er gjelde, anten pungen er klemd eller knust, riven eller skoren, skal de ikkje bera fram for Herren. Slike dyr må de ikkje ofra i dykkar land.

25Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat åt dykkar Gud. Dei er skadde; det er lyte på dei. For deira skuld tek Herren ikkje imot dykk.

26Herren tala til Moses og sa:

27Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen vil dei tekkjast Herren når de ber dei fram som eldoffer til han.

28De skal ikkje slakta ei ku og kalven hennar eller ein sau og lammet hans same dagen.

29Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.

30De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det verta liggjande til morgons. Eg er Herren.

31Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.

32Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg vil verta helga mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk.

33Det var eg som førte dykk ut or Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.