Lamentations 5NO1978NN

1Kom i hug, Herre, ¬det som har hendt oss, sjå hit og legg merke til ¬kor vi vert spotta!

2Vårt land er kome i hendene ¬på framande, utlendingar har fått våre hus.

3Foreldrelause er vi vortne, vi har ingen far; mødrene våre er som enkjer.

4Vi må kjøpa det vatnet ¬vi drikk, og betala den veden vi brukar.

5Våre forfylgjarar ¬har vi på nakken, vi er trøytte og får ikkje kvila.

6Vi rette ut handa til Egypt ¬og til Assur, så vi kunne mettast med brød.

7Våre fedrar synda; dei er borte, men vi ber straffa ¬for deira skuld.

8Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut ¬or deira hand.

9Vi hentar vårt brød ¬med fare for livet, sverdet trugar i øydemarka.

10Vår hud er heit som ein omn, for svolten gneg i kroppen.

11Dei krenkte kvinner i Sion og unge jenter i byane i Juda.

12Dei tok og hengde stormenn og hadde ingen vørdnad ¬for dei eldste.

13Unge menn ¬laut slita med kverna, og gutar seig under vedbøra.

14Dei gamle ¬sit ikkje lenger i porten, det er slutt ¬med ungdomens ¬strengespel.

15Vi er ikkje lenger glade, dansen er omsnudd til sorg.

16Kransen er fallen ¬av vårt hovud. Ve oss, vi har synda!

17Difor er hjarta vårt sjukt, augo våre har mist sin glans.

18For Sion-fjellet ligg audt, der renner no revar ikring.

19Men du, Herre, ¬tronar til evig tid, din kongsstol står ¬frå ætt til ætt.

20Kvifor vil du gløyma oss ¬for alltid, gå frå oss for lange tider?

21Herre, før oss atter til deg, så vi kan koma att. Lat våre dagar verta som før!

22Eller har du vraka oss heilt og vorte brennande harm ¬på oss?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Lamentations 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.