Judges 19NO1978NN

1I den tida då dei endå ikkje hadde nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætta som heldt til lengst bortpå Efraims-fjella. Han tok seg ei fylgjekone frå Betlehem i Juda.

2Men kona var utru mot han og fór ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader,

3kom mannen etter. Han ville tala vel med henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenestguten sin og eit par esel. Den unge kona leidde han inn i huset åt far sin, og då faren såg han, vart han glad og tok vel imot han.

4Verfar hans, far til den unge kona, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og han fekk vera der om natta.

5Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til den unge kona sa til verson sin: «Få deg fyrst ein bete mat å styrkja deg på, så kan de fara.»

6Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Og far til den unge kona sa til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»

7Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde verfaren han, så han gav seg og vart der om natta.

8Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Kjære, få deg fyrst litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.

9Sidan ferda mannen seg til og ville fara med fylgjekona si og tenestguten. Men verfaren sa til han: «No lid det alt til kvelds og dagen hallar. Ver her i natt og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.»

10Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og fór frametter til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og fylgjekona var med han.

11Då dei kom bort imot Jebus, leid det langt på dag, og tenestguten sa til husbonden sin: «Kom, lat oss ta inn i jebusittbyen og vera der om natta!»

12Men husbonden svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.

13Kom,» sa han til tenestguten, «lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane!»

14Så heldt dei fram, og då sola gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-landet.

15Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus for natta.

16Ut på kvelden kom det ein gamal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraims-fjella, men budde i Gibea. Elles høyrde folket der på staden Benjamins-ætta til.

17Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?»

18Hin svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraims-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på heimveg. Men her er det ingen som vil hysa meg.

19Vi har både halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og kvinna og tenestguten som tenaren din har med seg. Vi vantar ingen ting.»

20Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»

21Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords.

22Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!»

23Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje så stygg ei gjerning!

24Sjå, her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lyster. Men denne mannen må de ikkje fara så stygt med.»

25Men karane ville ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og fór ille med henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å ljosna.

26I dagrenninga kom kona, og ho seig i hop framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var ljost.

27Då husbonden hennar stod opp om morgonen og lét opp døra og gjekk ut, ville fara sin veg, då låg fylgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken.

28Han sa til henne: «Reis deg opp, og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og fór til si bygd.

29Då han kom heim, treiv han ein kniv, tok fylgjekona si og lema henne sund i tolv luter. Og dei sende han kring i heile Israels-riket.

30Og alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt, og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.