Judges 14NO1978NN

1Ein gong bar det så til at Samson gjekk ned til Timna; og der fekk han sjå ei filistarjente.

2Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «Eg såg ei filistarjente i Timna,» sa han. «Henne må de festa til kone åt meg.»

3Foreldra sa til han: «Finst det ikkje ei jente hjå frendane dine eller i heile folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hjå dei uomskorne filistarane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du festa åt meg; for henne har eg kjær.»

4Foreldra hans skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistarane. Dei var det som rådde i Israel den gongen.

5Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei kom til vingardane utanfor byen, fór ei ung løve brølande imot han.

6Då kom Herrens Ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.

7Så gjekk han ned og tala med jenta; og han lika henne framifrå godt.

8Ei tid etter fór han ned att og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein biesverm og honning i kroppen hennar.

9Han tok honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.

10Då far hans kom ned til jenta, gjorde Samson eit gjestebod, som dei unge mennene hadde for vis.

11Og så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar.

13Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

14Då sa han: «Av ein etar kom etande, av den sterke kom søtt.» Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.

15Den fjerde dagen sa dei til brura: «No må du lokka mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å arma oss ut at du har bede oss hit?»

16Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du held ikkje av meg,» sa ho. «Du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje sagt meg korleis ho skal løysast.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far min og mor mi, skulle eg så seia det til deg!»

17Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane gjestebodet varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, av di ho plaga han så. Så løyste ho gåta for landsmennene sine.

18Og før sola gladde den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han: «Kva er søtare enn honning, kva er sterkare enn løva?» Samson svara: «Hadde de ikkje pløgt ¬med mi kvige, hadde de ikkje løyst mi gåte.»

19Då kom Herrens Ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til høgtidsklede. Og harm som han var, fór han heim att til far sin.

20Men kona hans vart gjeven til den av bruresveinane som hadde vore brureførar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.