Joshua 2NO1978NN

1Josva Nunsson sende i løynd to speidarar ut frå Sjittim. Han sa til dei: «Ta av stad og sjå dykk om i landet, serleg i Jeriko!» Så fór dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkje som heitte Rahab, og der fekk dei hus.

2Kongen i Jeriko fekk melding om at det var komne nokre israelittar der om natta og ville speida ut landet.

3Då sende han bod til Rahab og sa: «Kom fram med dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! Dei vil speida ut heile landet; det er dei komne for.»

4Men kvinna hadde teke og gøymt dei to mennene, og no sa ho: «Ja, det kom nokre menn til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.

5I skumringa, då byporten skulle stengjast, tok dei ut att, og eg veit ikkje kvar dei fór av. Skunda dykk og set etter dei, så når de dei nok att.»

6Sanninga var at ho hadde fylgt dei opp på taket og gøymt dei under noko linhalm som ho hadde breitt utover der.

7Så tok kongsmennene ut og sette etter dei på vegen til Jordan, ned til vadestadene. Og med det same dei var farne, vart porten stengd.

8Før speidarane hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket

9og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet. No har det kome over oss ei redsle for dykkar skuld, og alle som bur her i landet, er så redde dykk at dei skjelv.

10For vi har høyrt korleis Herren turka ut vatnet i Sevsjøen framføre dykk då de fór frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på hi sida av Jordan, Sihon og Og, som de bannstøytte.

11Då vi høyrde det, vart vi reint motlause, og no er det ingen som vågar å møta dykk. For Herren dykkar Gud, han er Gud både oppi himmelen og nedpå jorda.

12Så sver då ved Herren at de vil gjera vel mot folket mitt, liksom eg har gjort vel mot dykk. Gjev meg eit klårt teikn på

13at de vil spara foreldra og syskena mine og alt husfolket deira og berga livet vårt.»

14Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for livet dykkar, så sant du ikkje lèt nokon få vita kva ærend vi er ute i. Og når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»

15Så firte ho dei ned frå vindauga med eit reip. For ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.

16Og ho sa til dei: «Gå opp i fjellet, så de ikkje møter dei som forfylgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei kjem att. Sidan kan de fara kvar de vil.»

17Då sa mennene til henne: «Gjer du ikkje som vi no seier, held vi oss for løyste frå den eiden du lét oss sverja.

18Når vi kjem inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauga som du firte oss ned frå, og så skal du samla foreldra og brørne dine og alt folket ditt her i huset hjå deg.

19Går då nokon ut gjennom husdøra di, er det hans eiga skuld om han vert drepen; vi er skuldlause. Men vert det lagt hand på nokon av dei som er inne hjå deg, skal vi svara for livet hans.

20Og talar du til nokon om ærendet vårt, er vi løyste frå den eiden du tok av oss.»

21Ho svara: «Det skal vera som de seier.» Så bad ho farvel med dei, og dei fór av stad. Og ho batt den raude snora i vindauga.

22Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der heldt dei seg i tre dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne. Dei hadde leita heile vegen, men ingen funne.

23Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva Nunsson. Dei fortalde alt det som hadde hendt dei,

24og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er så redde oss at dei skjelv.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.