Jonah 3NO1978NN

1Då kom Herrens ord til Jona andre gongen, og det lydde så:

2«Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han den bodskapen eg gjev deg!»

3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsleier lang.

4Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: «Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!»

5Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små.

6Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet.

7Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn.

8Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer.

9Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.»

10Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Jonah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.