John 13NO1978NN

1Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

2Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han.

3Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.

4Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.

5Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet.

6Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8«Aldri skal du vaska føtene mine,» seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,» svara Jesus.

9Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!»

10Men Jesus svara: «Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje reine alle.»

12Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

14Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre.

15Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

16Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.

17No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

18Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, syner meg hælen.

19Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at «eg er Han».

20Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»

21Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!»

22Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte.

23Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus.

24Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte.

25Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: «Herre, kven er det?»

26Jesus svara: «Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.» Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.

27Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»

28Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette.

29Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige.

30Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.

31Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han.

32Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart.

33Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma.

34Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

35På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

36Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du av?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje fylgja meg no; men du skal fylgja meg seinare.»

37«Kvifor kan eg ikkje fylgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.»

38Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for John 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.