1Elihu tok atter til ords og sa:
2Du som sa: «Eg er rettferdigare enn Gud,» held du det for rett å spørja:
3«Kva gagnar det meg, kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»
4Eg skal gje deg svar, og venene dine med:
5Vend augo mot himmelen ¬og sjå, legg merke til skyene ¬høgt der oppe!
6Kva gjer det Gud ¬om du syndar? Alle dine brot, ¬kva skader dei han?
7Og kva gjev du han ¬om du er rettferdig, kva kan vel han ta imot frå deg?
8Din vondskap kjem over ¬dine medmenneske, berre menneskeborn ¬har gagn av di rettferd.
9Folk klagar over alle ¬som er harde med dei, og ropar om hjelp ¬mot mektige menn.
10Men ingen spør: ¬«Kvar er Gud, min skapar, han som lèt lovsong lyda ¬om natta,
11som lærer oss meir enn dyra ¬på marka og gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»
12Då ropar dei utan å få svar og klagar over hovmodet ¬åt dei vonde.
13Nei, det er fåfengt. ¬Gud høyrer dei ikkje, Den Allmektige ¬ansar ikkje slikt.
14Jamvel når du seier ¬at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.
15Men no, ¬når Gud ikkje straffar i vreide og ikkje bryr seg stort om synda,
16då opnar Job sin munn ¬til inga nytte og kjem med mykje uvitug tale.